Anbefalte innlegg

Havarert AFN.

Må sikkert sette ny motor i min 2000 mod Passat 4motion etter at eit fragment av ein innsugningsventil knakk av, og hakka opp stempelet og toppen i sylindaren. Synd, for bilen har berre gått 144k!

 

Ser no etter ein passande AFN bruktmotor, men det er lite utvalg, og mange km på dei som finst.

 

Legg ved ein tabell over motorkodar og bilmodellar. Denne låg ved med monteringsveiledninga til registerreima. http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=132047&stc=1&d=1253291710

 

Fann ein AFN med lite km, men den står i ein Seat Toledo. Dette er ein bil med tverrmontert motor, og eg er då usikker på om den lar seg montere i Passaten. Girkasse, manifold, motorfeste, etc.

 

Er det noko som veit om ein originalt tverrmontert AFN-motor kan tilpassat ein Passat med langsmontert motor?

 

http://forum.vwaudi-club.no/images/icons/icon7.gif

 

mvh

Jan S.

skann0001.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Har spurt meg føre vedrørande motorbytte mellom ulike bilar. Det skal gå bra om motorane har same bostavkoden, blokka er då lik, men motorfesta må gjerne behaldast. Det kan vera lurt å sjekka om motor med automat passar manuelt gir. Det skal gå bra for AFN, då veiva har same delenr. På andre motorar kan det vera ulikt.

 

Eg har no fått tak i ny bruktmotor, gått 140k (144k på den gamle). Motoren er henta frå ein kollisjonskada Passat automat.

 

Har brukt mykje av helga til å skru. Alle aggregat er tatt av den gamle, og eg har teke av fronten for å gjera det enkelt å løfta motoren ut og inn.

 

http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=130956&stc=1&d=1251923756

Motoren klar for utløfting.

 

http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=130958&stc=1&d=1251923756

Den skada toppen med eit brot i ein ventil. Brotstykket har hakka opp både stempel og topp.

 

Med det same eg byter motor, byter eg også clutch. Den originale er alt for svak. Det kostar flesk, men eg må ha ein clutch som taklar motorkrafta.

 

Jan S.

Motorbyte august 2009 029.jpg

Motorbyte august 2009 033.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

bytt til enkelmasse svinghjul mens du er i gang.. koster, men da slipper du vibrering fra svinghjulet..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

bytt til enkelmasse svinghjul mens du er i gang.. koster, men da slipper du vibrering fra svinghjulet..

 

Skal hente enkeltmasse svinghjul og Spec steg2+ clutch (550 Nm) til veka. Det skal nok halde i massevis, sjølv med PP764 dyser, som er i bestilling. Leveranse i november, håpar eg.

 

I tillegg må eg flytte bunnpanna frå den gamle over til den nye. Kjem også til å byte ein del simmeringar med det same eg held på + registerreim, drivreimer og muligens vannpumpe.

 

Noko meir eg burde fått med meg i same slengen?

 

Jan S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hvor kjøper du svinghjul/clutch, til hvilken pris?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hvor kjøper du svinghjul/clutch, til hvilken pris?

 

Kjøper hos Velox eller Protrim, pris ca 5000,-. Til samanlikning kostar eit dobbeltmasse svinghjul hos Mekonomen ca 6500,-, men det er nok ein meir komplisert del.

 

Sitat Velox: "Me har enkeltmasse svinghjul til din motor, tiltenkt diesel. Skal ikkje få motorvibrasjoner, men kan/vil få ulyd i girkasse på tomgang (ikkje ved køyring eller rusing). Svinghjulet kosta kr. 5190,-

Me har enkeltmasse svinghjul til dei fleste dieselmotorar, dog ikkje alle med 240mm clutch. Me har fått nokre henvendelser på dei som har handla frå utlandet, og fått både clutchar og svinghjul som ikkje passar. Dette gjeld både rettstillt og tverrstillt motor. Det er ikkje berre forskjellar frå rettstillt til tverrstillt, men og frå motorkode til motorkode."

 

Jan S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

og inkl clutch så blir prisen.. ?

 

Gi meg en lyd på delenr/delenavn da, så kan en se om en finner noe utenlands :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Løfta inn byttemotoren i dag. Det gjekk relativt greit, sette motoren på ein stabel med plankebitar, og løfta litt på clutch-huset, lirka det så i saman.

 

Før dette monterte eg nytt enkeltmasse svinghjul og ny stage 2+ clutch (Spec). Det vart litt fintenking og jobb med svinghjulet. Då eg samanlikna ød merket på det gamle og det nye, som angitt i veiledninga til det nye, fann eg ut at merka ikkje var i same posisjon. Sette så det gamle svinghjulet på veiva, og laga eit referansemerke på blokka. Sette så på det nye utan å dreia veiva, og overførte referansemerket. Tjørna det så forsvarleg inn.

 

I morgon vert det montering av dieselpumpe og ny registerreim.

http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=131890&stc=1&d=1253045075

Nytt og gamalt: svinghjul og clutch.

http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=131889&stc=1&d=1253045075

Byttemotoren på plass i bilen.

 

Jan S.

Tilbakemontering av motor 004.jpg

Tilbakemontering av motor 002.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei forum brukarar!

 

Eg treng nokre tips for å få start på byttemotoren min.

 

Alle kablar og røyr er kopla opp, startmotoren dreg motoren rundt, men ingen tenning!!

 

- må eg rekna med å kinna motoren lenge for å få diesel til dysene?

- skal systemet luftast? I så fall, korleis gjer ein det?

- andre ting som kan gjera at den ikkje startar?

 

Jan S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Hei forum brukarar!

 

Eg treng nokre tips for å få start på byttemotoren min.

 

Alle kablar og røyr er kopla opp, startmotoren dreg motoren rundt, men ingen tenning!!

 

- må eg rekna med å kinna motoren lenge for å få diesel til dysene?

- skal systemet luftast? I så fall, korleis gjer ein det?

- andre ting som kan gjera at den ikkje startar?

 

Jan S.

 

 

Vet ikke om det må luftes, men byttet diesel pumpe på en golf 2 og den var et helvete å få start på etterpå.. første gangen.. måtte kime på starteren lenge... men med avbrudd iallefall med en liten pause hvert 30 sekund, ellers kan starteren gå til H

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

For lufting av dieselsystemet; løs to tørn på fittingsen inn til dysene (rørene fra pumpe til dyse) og kjinn til det slutter og boble og er bare ren dieselsprut ut av fittingsen..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for tips!

Det var ikkje enkelt å få start på motoren. Eg fylte opp dieselfilteret og lufta på dysekoplingane, og kinna og kinna. Eg gav opp etter ei stund. Sett meg ned og finlas i Haynes-maualen. Det stod det at ein skulle suge diesel frå returslangen på dieselpumpa med ei vakumpumpe. Slikt utstyr har ikkje eg, men eg brukte ei 50 ml sprøyte. Tok sikker ut 5-6 dl diesel.

 

http://forum.vwaudi-club.no/attachment.php?attachmentid=131899&stc=1&d=1253046496

Etter dette forsøkte eg å starta igjen. Så var det 4-5 forsøk med startaren, og motoren hosta seg i gang. Puh!

Utløft 013.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider



VACN 2018- Powered by Invision Community

Bli medlem
×

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å kunne vise siden slik vi har utviklet den.
Godtar du ikke dette, må du avslutte bruken og forlate vårt nettsted, ellers vil VACN anta du aksepterer dette.