Anbefalte innlegg

Har ein Cupra 4 TDI som er blitt lam frå livet og ned. no har eg ikkje fått tatt diagnose på bilen enno, så eg veit ikkje kva som er gale, men dersom det viser seg å bli dyrt, (noko det stort sett blir), vurderar eg å få tak i komplett bakdiff frå ein bil med "låg" kilometerstand i staden for å koste på den diffen eg har store summar. (Den eg har har gått 240000km no).

Spørmålet er då; kva passar?

Det ligg rikeleg med bakdiffar ute frå S3, TT, Golf V6 og R32, men passar desse på min bil som har ARL 150hk TDI og 6-trins kasse?

Ut ifrå annonsene ser det ikkje slik ut.

Tek gjerne imot tips viss nokon skulle komme over ein passande bakdiff som er til sals.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Sjekket alle sikringer ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Nei, det har eg ikkje tenkt på. Kan ta ein sjekk i kveld.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Er en her på forumet som fikk kjøpt seg en grisebillig Bora 4motion pga den hadde defekt haldex. Der viste det seg å være dårlig kontakt på en ledningsplugg, så han fikk seg flott bil til en liten sum av markedsprisen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Fann den tråden no. Absolutt verdt ein sjekk. Mykje vegarbeid og elendige vegar her for tida så det hender jo at ein slår nedpå.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Nei, eg har ikkje gjort det enno. Skal sjølvsagt gjere det, men det eg eigentleg lurer på er om eg evt. kan bruke haldex frå bensinbil viss det viser seg at haldexen min (pumpe/controller) er gåen.

 

Har sjekka at ingen sikringar er gåen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er time for diagnose bestilt.

Slik eg tolkar funna eg har gjort på nett så kan eg ikkje bruke haldex frå audiar med "stor" motor. Ser for meg ut som det er diesel-bilane og 1,8 utan turbo som har same bak-dif. som min. Men ein får vel håpe det er berre ein bagatell så ein slepp byte.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då er feilkodar avlest. Fekk opp feil G251 sensor for lengdeakselerasjon. Ingen andre feil. Så då får ein få bytta denne, (ligg visst i hanskerommet), og håpe det beste.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

G251 sensor er no bytta. ESP- og ABS-lys er vekk, men det er framleis ikkje liv i bakhjula. Får vel levere bilen inn på merkeverkstad for ny diagnose, men ettersom dei ikkje fann noko første gongen er eg litt usikker. Fekk som sagt beskjed om at g251 sensor var einaste feilkode som låg inne. Skulle fått reparert dette no. 10 cm våt snø/slaps i dag og eg merkar at framhjulstrekk ikkje er verken morro eller effektivt for den del.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for tipset. Begynner med å sjekke kontakten. Men, vil ikkje eira kontakt gi feilmelding i vagcom? Skulle tru at det uansett skulle komme melding der, enten det var kontakt, pumpe eller controller som var problemet. Begynner å lure på om verkstaden har funne ein feil og ikkje sjekka meir etter det.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Om ABS/ESP lyser vil ikke 4wd virke på biler med haldex. (Om en feil ligger inne)

Sikker på at verkstedet har vært inne på rett kannal ?

 

Kan være Haldex kontrollen din som er defekt eller pumpa (gjenganger)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

på min volvo røyk pumpa, byttet den og trykkbryter, alt ok. Kan måle om pumpa går osv vel, mye strøm den trekker osv oscv. kan det i VIDA iallefall (volvos atke)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Får vel berre bestille endå ein diagnose-time over helga. Irriterar meg berre litt att dei ikkje kunne sjekke ut alt på ein gong, eller i allefall sjekka at alt var i orden når dei bytta g251 sensoren. Då sjekka dei tydelegvis berre at varsellampene slukka før dei leverte ut bilen. Det som er litt rart er at firehjulstrekket har fungert sjølvom esp og abs lampene har lyst meir eller mindre kontinuerleg i eitt år. Men, så var det altså ikkje abs sensorane det var noko gale med, men denne lengdeakselerasjonssensoren.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då har eg sjekka koblinga bak og den ser fin ut, så då er det eit nytt verkstadbesøk på trappene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Kjedelig. Ingen i nærheten som har vag com?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Veit ikkje om nokon dessverre. Burde ha kjøpt sjølv, men det har aldri blitt noko av. (Litt pga at tolmodigheita med nye "hidden-ting" er veldig begrensa).

 

Ny time bestilt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då har bilen vore inne til sjekk og det er konstatert at haldex-pumpa er gåen. Nokon som har eit tips om kvar ein kan få tak i ei slik utan at det kostar skjorta?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Sjekk link i tråden jeg likna til tidligere her

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jo, men desse sender i utgangspunktet ikkje til Norge. Vurderar å gå til den lokale Volvo forhandlaren og kjøpe ei volvo-pumpe for 3500kr. Så får ein heller skøyte eit par ledningar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Då har eg bestilt Volvo-pumpe frå Unaiten. Kjem totalt på ca 2450kr inkl frakt og mva. Så får eg sjå om eg får det til med denne pumpa. Skal gå å bytte motoren og tetningane i pumpa og bruke opp att huset. To ledningar må spleisast. Har òg sett at folk har brukt heile pumpa og berre skøyta ledningane utvendig, men då blir det visst lite klaring til mellomaksel, ettersom ledningane kjem ut på sida på Volvo-pumpa medan dei kjem ut på enden av VW-pumpa.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Ei lita oppdatering.

Mottok Volvo pumpa i går.

imag0091k.jpg

Litt rar merking av kontakten. VW og Audi logo men ingen Volvo logo. Dessverre så var det sjølvsagt "feil" ende av kontakten som var montert på pumpa, så den måtte byttast med den gamle.

Demonterte gamle pumpa, prøvemonterte den nye og dreia pumpehuset til det vart plass til utløpet med ledningane.

Kappa, ledningane på begge pumpene og lodda på den gamle kontakten. Med krympestrømper og det heile vart det sjåande slik ut.

imag0093wd.jpg

Ikkje veldig pent, men det skal fungere. Tør påstå det er tettare no enn kva det var på Volvo-pumpa originalt i alle fall. Einaste er at ledningen godt kunne vore eit par cm lenger, men det går no òg. Har lagt på eit par ekstra strømper for å beskytte mot gnaging. I tillegg kjem eg gjerne til å legge på litt tape i området der ledningen ligg inn mot dif-opphenget.

I dag har eg bestilt olje og filter, så då får vi sjå om det vert liv i bakhjula att.

 

Ein ting eg la merke til ved demontering av den gamle pumpa var at det var ein del skit/smuss i området rundt pumpefilteret. Bilen har hatt alle servicar fram til eg kjøpte den, og eg har sikifta olje og filter i henhold til intervalla. Eg ser ikkje vekk ifrå at pumpehavari kunne vore unngått dersom ein hadde løyst ned pumpa og rensa filteret som sit ved denne, samstundes som ein skifta olje og filter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Takk for tips ang rengjøring for smuss.

Nettopp tatt service på min men bytter nok denne olja igjen om en stund og skal huske på å demontere pumpa å gjøre rent inni der da :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

No er pumpa montert og bilen testa. Hærleg med 10cm nysnø i dag:).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider



VACN 2018- Powered by Invision Community

Bli medlem
×

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å kunne vise siden slik vi har utviklet den.
Godtar du ikke dette, må du avslutte bruken og forlate vårt nettsted, ellers vil VACN anta du aksepterer dette.