2007 Touareg,(Problem løyst😀) feil på luftfjæringar og dynamisk/adaptiv xenon

Anbefalte innlegg

Lagar ein liten tråd her for å kanskje få litt meir svar samt gi andre moglegheit til i framtida få svar på samme spm om fleire får samme problem :)

Eg har kjøpt meg ein 2007 VW Touareg 3.0TDI med litt medfølgjande småproblem. Klipper inn nokre linjer frå tråden min under ''Min VW'':

Eg har eit lite problem med luftfjæringane.. Høgre side er høgare enn venstre, gjerne eit par cm forskjell, dette gjelder både framme og bak. Får opp den velkjente ‘’Stop Fault Running Gear’’. Forrige eigar hadde tatt diagnose og fått feil på ventilblokk, så den har eg fått med ei ny av. Kva er fellesnevnaren her? Er høgre side framme og bak på ein felles retur til tank?? Reguleringa skjer jo stegvis framme og bak, ikkje for kvar side...?

For eit par dagar sidan fikk eg også feilmelding på AFS-systemet, ''AFS No Function. Veh. Wallet'' . Dei statiske lysa ved sving fungerte, men dynamisk sving av lyktene virka då ikkje. Ved oppstart gikk dei i test opp og ned, men ikkje frå side til side, heller ikkje ved køyring.

Hadde ut lyktene utan å finne noko dårlige kontaktar eller leidningar. Logga meg på med VagCom utan å få resatt feilmeldingane.. Fikk samtidig konstant lys for feil med luftfjæring, og justering virka ikkje verken opp eller ned. Fikk heller ikkje resatt det.

Satte batteriet på lading og lada det heilt opp. Logga meg på igjen med VagCom, sletta feilmeldingar og vips så er det ingen feilmeldingar igjen verken på lys eller fjæringar... No virkar også høgdejusteringa, men bilen er fortsatt for høg på høgre side uansett høgde eg justerer den på. Ser ut til å justere fint på begge sider, berre at høgre side ligger nokre cm høgre heile tida.

Om eg skal nullstille nivåsensorane, korleis går eg fram då? Finner ei ''oppskrift'' på Ross-Tech der eg skal måle avstand frå senter felg til hjulboge. Når bilen er så skeiv og med så ulike fysiske mål, skal eg likevel legge inn dei måla eg fysisk måler og so skal systemet korrigere seg bein derifrå? (Prøvde det, men syns nesten det vart verre etterpå). Standard er vel 497 framme og 502 bak ettersom eg forstår.

 

All hjelp blir satt veldig pris på :)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Update:

Skifte av ventilblokk hjalp ikkje, fortsatt samme problem etterpå. Fleire forsøk på kalibrering av nivå var heller ikkje hjelp i.

Etter samtale med ansatte hjå Berge og Co i Ørsta gikk eg for å prøve å bytte ventil (residual pressure valve) på belg høgre bak. Det hjalp heller ikkje😕 Framme var begge belgar bytta for litt over eit år sidan, og då var også ventilane nye. Demonterte likevel høgre framme og satte inn den frå høgre bak (eg hadde berre ein stk ny). Etter at kompressoren fikk trykt opp igjen til arbeidstrykk var bilen tilnærma i vater😀 Kjørte så ei kalibreringsprosedyre på nytt, og no er bilen 100% bein😀😀

Feilmelding på lys er no vekke, og dei fungerer som normalt! Fikk bekrefta på verkstedet at den feilen ofte er ein følgefeil pga feil på nivåstyring😀

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Gratulerer. Flott at du fikk løst det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider



VACN 2018- Powered by Invision Community

Bli medlem
×

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å kunne vise siden slik vi har utviklet den.
Godtar du ikke dette, må du avslutte bruken og forlate vårt nettsted, ellers vil VACN anta du aksepterer dette.