Sogn og Fjordane: Bildegalleri frå bilmessa i Førde

Anbefalte innlegg

Faktisk komt med på bildene du og Gulis:p

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Sitat fra NRK Sogn og Fjordane:

Bilmessa i Førdehuset var reine mekka for bilfrelste sogningar og fjordingar. Bilane stod tett i tett og små som store fatta interesse for det meste.

 

- Han spring overalt. Han er glødande interessert i motorsyklar, firehjulingar og bilar, fortel pappa Stig Savland om sonen Sigurd (3).

 

Ynskjer seg gliset

Iført sjølvplukka Mercedes-jakke er det ingen tvil om kva biltype som er den rette for treåringen. Og mange, mange år før han når ned til pedalane - og kan køyre gliset - står bilen på ynskjelista.

 

- Eg spurte om bestefar skulle kjøpe bil til han. Han svara ja, snudde seg og peika på bilen til fem millionar kroner, ler Savland som sjølv vart imponert over Mercedesen som Forum Bil stilte ut i Førdehuset. Bilen har ikkje mindre enn 626 hestekrefter under panseret og kan passere 300 kilometer i timen. På 3,4 sekund går den frå 0 til 100 km/t.

 

Tre eksemplar

I Noreg er det berre tre registrerte eksemplar av vidunderet på fire hjul. Med andre ord ein svært sjeldan bil. Som ikkje er for folk flest. Og ikkje særleg godt eigna på humpete vestlandsvegar.

 

- Den går å køyre, men det blir travelt for føraren. Det er eigentleg ein sportsbil. Den er heilt unik. Råskapen, køyreeigenskapane, akselerasjonen og bremsene. Det er tale om Formel 1-teknologi, fortel seljar Kristian Valaker og vedgår at bilen med den noko "stive prisen" ikkje er mynta spesielt for Ola Normann.

 

- Men halvparten av prisen er avgifter, skyt Valaker inn.

 

- Eit flaggskip

Nytilflytta Roar Gartland frå Førde, sette seg først inn i ein noko rimelegare Mercedes-utgåve. Ein CL63 til "berre" 2,5 millionar kroner. Bilen har "berre" 525 hestekrefter og har fartssperre på 250 km/t.

 

- Svogeren bad meg om å snu meg og sjå kva som stod bak. Eg måtte sperre opp augene. Fem millionar kroner for ein bil er mykje pengar. Men eg må seie at eg er litt skuffa. Det er berre to seter. Det burde kvalifisere til halv pris, ler han og legg til:

 

- Dette er flaggskipet. Sjå på lakken. Du ser berre gull sølv. Den er ein draum å sjå.

 

Noregspremiere

Bilforhandlarane nytta bilmessa i Førde til å vekke bilinteressa til publikum.

 

- Det har vore ein del interesse kring bilane og eg reknar med at det vert skrive nokre kontrakter. Men det er ikkje det som er poenget. Målet vårt er å vise fram kva vi har, seier Ivar Mannebrekke, som er seljar for Opus. Verksemda presenterte for første gang i Noreg ein Isuzu D-Max pickup.

1_3800995!img3800977.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Eg blei sjokkert då eg kom bort til SLR'en og såg ei jente som hang i speilet mens faren sto og såg på. For så å kneke seg oppette sida poå heile bilen etterpå :(

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jepp viser kor UBRUKELEGE folk er når det gjelder bilhold... Men det at folk kneker er også bilselgarane og utstillarane som må sørge for at slikt ikkje skal skje..

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Digresjon: No er ikkje bileigarane nødvendigvis så mykje bedre heller! Har sjøl sett Petter Stordalen bruke spoileren på sin SLR som "middagsbord" på Gardermoen, fysj!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

SLR en og CL 63 AMG kjørte forbi kontoret mitt i sogndal i dag ca kl 1545 .... holdt på å sette kaffien i vrangstrupen......

faen kor rått....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Jaggu har dei vore sta å foreviga meg på bilder......du hendelse!

For å seie det slik....den SLR var godt brukt.....faktisk veldig mykje sjønnhetsfeil og lakkskader på den...så om bilen koster 1500,- eller 5mill so kan det sjå ut som folk driter 100-0 i vedlikehold!!!

Den var faktisk tom for bakdekk også....synes det er litt rart at dei stiller ut ein bil som er så til de grader nedsarva....vil rette stor skryt til Bilpleiehallen,når dei fekk bort den bilen so såg den ut som den hadde vert maskinvaska med stålkost siste året og brukt i bilcross!

Men likevel er ikkje bilen så verst....for 2år sidan var den samme bilen på messa her oppe,og natt til fredag var vi ute å kjørte tunnel test.....eg på motorsykkel(-04 Kawasaki Z750) og X i SLR...eg hadde 190km/t ut av tunnelen og da var SLR`n 50-60m foran meg: eek :....så motoren er no iallefall brukande: rock :

Vil også tilføye at eg synes det er rart at ikkje Berge&Co. stillte med litt meir exklusive bilar som Q7,S3,RS4,RS6,R8 osv.

Dei hadde ein kjempeflott A5 3.0Tdi Quattro med masse utstyr......men ingen virkelige blikkfang.....: klø :

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Sånn er det når selgarane snart er pensjonerte : haha : Forsøkte å få opp R8 le mans, men møller bergen nekta visst etter det eg hørte...

Q7 stod jo faktisk fremdeles i utstillinga på berge&co, skjønner ikkje kvifor den ikkje vart vist fram. Er ikkje solgt!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Sånn er det når selgarane snart er pensjonerte : haha : Forsøkte å få opp R8 le mans, men møller bergen nekta visst etter det eg hørte...

Q7 stod jo faktisk fremdeles i utstillinga på berge&co, skjønner ikkje kvifor den ikkje vart vist fram. Er ikkje solgt!

 

spiller vell ingen rolle om den hadde vært solgt heller.....

Forklarer vell bare kor late selgarane på Berge er :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider



VACN 2018- Powered by Invision Community

Bli medlem
×

Viktig informasjon

Vi har plassert informasjonskapsler/cookies på din enhet for å kunne vise siden slik vi har utviklet den.
Godtar du ikke dette, må du avslutte bruken og forlate vårt nettsted, ellers vil VACN anta du aksepterer dette.